Gå til innholdet

Stigande tapsavsetningar for Sparebankar

Vi held på dei høge lånetapsestimata våre for 2020, men vel å heller ta dei ned litt for 2021 grunna myndigheitene si sterke velvilje. Vi endrar vår anbefaling for SpareBank 1 Nord-Norge (NONG) igjen, frå tidlegare Kjøp til Hald, og trekk fram Sparebanken Vest som vår favoritt i sektoren.

Q1’20 i linje med våre estimat – press på bustadlån held fram

Bankane rapporterte tal for første kvartal som til dels stemde med det vi forventa, då med unntak av noko svakare marginar og litt sterkare vekst. Ettersom vi allereie tok ned våre estimat for netto renteinntekter for året vel vi å heller justere på utlånsveksten, noko som løftar estimata med 1-5% for dei fleste av bankane.

Held på lånetapa for 2020, men redusera for 2021

Som venta var det ingen av bankane som rapporterte lånetap i linje med det vi låg inne med, mykje grunna det at vi sidan tidlegare kriser har gått over til IFRS 9 og med det eit nytt system for berekning av utlånstap. Med hjelp frå makro-modellar og scenariotesting skal bankane kunne estimere tap meir proaktivt enn tidlegare, noko som inneberer at det ofte vert store avsetningar tidlegare enn det dei faktiske tapa skulle tilseie. For vår del vil vi likevel behalde tapsestimata våre ut året 2020, for så å redusere tapa i 2021 då vi ventar at myndigheitene vil ta på seg ein større del av det økonomiske utfallet.

Så langt er verknaden av Covid-19 begrensa for bankane

Lånetapa i første kvartal var for fleire av bankane eit direkte resultat av IFRS 9 der makromodellar dikterer mykje av dei avsetningane vi såg i forbindelse med kvartalsrapporteringa. Ved å lage eit pessimistisk og eit optimistisk scenario for korleis økonomien skal utvikle seg, som eit tillegg til det ein forventar i eit normal-scenario, kan bankane simulere coronakrisa sin påverknad på utlånskundane deira. Med unntak av nokre få enkeltengasjement i offshorenæringa, er det dei ulike bankane si oppfatning av kva som er «negativt» og «positivt» framover som dikterte lånetapa dette kvartalet. Sparebanken Møre (MORG) tok opp vektinga av sitt mest negative framtidsscenario, slik som SpareBank 1 Østlandet (SPOL), Sandnes Sparebank (SADG), Sparebanken Øst  (SPOG) og SpareBank 1 BV og har gjort. Sparebanken Sør (SOR) har, til forskjell frå alle andre, overstyrt modellane sine i positiv retning, ved å redusere avsetningane med NOK 75m med bakgrunn i større involvering frå myndigheitene si side.

NONG tilbake til Hold igjen, SVEG som einaste kjøp

På sikt ser vi framleis stor oppside for dei fleste av bankane vi har dekning på, men på kort sikt vil usikkerheit rundt lånetapa framover gjere det vanskeleg i tillegg til den auka konkurransen rundt bustadlån som vil dukke opp i etterkant av dei tre rentekutta vi har hatt i år. Når vi tek med alt dette er det vanskeleg å trekke fram andre banker enn SVEG, sjølv om det på sikt vil kunne vere større oppside for SpareBank 1 SR-Bank (SRBANK) og SpareBank1 SMN (MING), så vil låntap gjere det usikkert for akkurat desse bankane no framover.

Pris/Bok vs forventet egenkapitalavkastning i 2022 (normalsituasjon)
Pris/Bok 2021 estimat ift. ROE 2022 estimat

Full sektorrapport på vår kundeweb:
Norwegian Savings Banks - Increasing loan loss provisions

Som aktiv kunde hos Pareto Securities får du full tilgang til vårt analyseprodukt. Se mer om hva vårt analyseprodukt inneholder, og hvordan du får tilgang her


Attraktivt nykundetilbud

Vi har et svært godt nykundetilbud for de som ønsker å teste våre tjenester. Opprett en aktiv konto, og du kan handle til minimumskurtasje NOK 19,00 (0,03%) på Oslo Børs første 3 måneder. I tillegg får du en kostnadsfri test av den populære handelsapplikasjonen Web Trader (for PC og mobil), og tilgang til våre analyser i samme periode. Vi hjelper deg gjerne med å flytte porteføljen fra en annen bank/megler, og kan også motta allerede belånte porteføljer til svært gode lånebetingelser. Les mer og registrer deg via banneren under:

19 ut 19 - Spesialtilbud fra Pareto

Denne artikkelen er laget av Pareto Securities AS (“Pareto”). Pareto fraskriver seg ethvert ansvar for bruk av innholdet. Investeringsbeslutninger gjort på bakgrunn av innholdet gjøres for egen risiko. For ytterligere informasjon om relevante definisjoner, metoder, risiki, interessekonflikter, ansvarsfraskrivelser mv, vennligst se våre nettsider www.paretosec.com.

 

Photo by Lachlan Gowen on Unsplash

Relaterte artikler:

Sparebanker - Sværast å vere svær

22-11-2019 av Analytiker Ola Øvrebø basert på analyse av Vegard Toverud

Aksjehandel i USA

06-02-2020 av Henriette Hoftun og Karl Oscar Strøm

Nyeste analyser

Selskapsanalyser

Faste oppdateringer

Aktuelt nå - Newsflash

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Ved å sende dette skjemaet samtykker du til at Pareto Securities kan sende deg nyhetsbrev. Du samtykker i tillegg til at vi lagrer ditt navn, telefonnummer og epost-adresse. Du kan lese mer om hvordan vi behandler personopplysninger i vår personvernerklæring.